PocketID er ein app som du har på mobiltelefonen din, som fungerer som elevbevis og lånekort for skulen sitt bibliotek. Du finn den ved å søke den opp i app-butikken på mobiltelefonen din.
Etter å ha installert den må du logge deg på med brukarnamnet og passordet du har fått (hugs at du tilhøyrer Rogaland Fylkekommune).
Deretter tek du eit bilete, eller legg til eit bilete som du har, av deg sjølv. Pass på at biletet må vere godt, sjå regler for passfoto. Dersom biletet du har vald ikkje vert godkjent, vil du få beskjed om at du må ta eit nytt.
Biletet vert nytta for at den som sjekkar skulebeviset ditt kan sjå at det er deg. Det vert og nytta av lærarar og administrasjon på skulen.