Skulen nyttar ikkje elevkort, men digitale skulebevis i form av appen PocketID.
Slik nyttar du PocketID:
- Gå til App Store eller Google Play og last ned PocketID som mobilapplikasjon
- Opne applikasjonen PocketID og vel Rogaland Fylkeskommune
- Logg på med brukarnamnet og passordet du har på skulen (FEIDE-pålogging)
- Ta eit nytt bilde av deg sjølv eller last opp eit bilde du har på mobilen. Pass på at du føl reglene for å ta eit godt bilete.
Biletet må i etterkant godkjennast av skulen, beviset vil ikkje fungere før det er gjort. Dersom biletet ikkje blir godkjent vil du måtte ta/laste opp eit nytt.
Dersom du ikkje får til å logge deg på PocketID-appen, prøv å skifte passordet ditt. Ta eventuelt kontakt med IT.
Sist endra 17.11.2023 12.30