Sauda idrettslag tilbyr rundt ti ulike aktivitetar. Laget har og ein eigen stadion med kunstgras og flombelysning, som takka vere spillvarme er snøfri heile året. Det er og andre klubbar og lag som tilbyr forskjellige idrettsaktivitetar, mellom anna turn, karate, klatring og orientering.
Føretrekk du livet på to hjul kan Sauda Sykkelklubb vere tingen. Du kan og vere med på det årlege sykkelrittet frå Haugesund til Sauda, som går av stabelen under Saudadagane. Du finn og ein pumptrack like ved stadion, samt ein skatepark litt lenger mot elva.
Trene kan du og gjere på Frisk og Rask Treningssenter. I tillegg kan du nokre dagar nytte gymsalen i Saudahallen på kveldstid – då er det og lærar til stades.
Er du glad i å svømme kan du ta turen innom Saudahallen, ein svømmehall midt i sentrum av Sauda som har både inne- og utebasseng.
Dersom du ønsker endå meir fart kan du prøve deg på Sauda Motocrossbane med Sauda Motorsport Klubb, eller ta eit kurs i elvekajakk.
Når det gjeld skyting har du moglegheita både i Sauda Skytterlag og Sauda Pistolklubb.
Sauda kan og tilby ulike former for golf – både den «tradisjonelle» sorten, minigolf og diskgolf. Sauda Golfklubb finn du tre kilometer utanfor sentrum, i Saudasjøen. Sauda minigolf har derimot ein 18 hols bane midt i sentrum, ikkje langt frå skulen sin elevbustad. Sauda Diskgolf på si side finn du oppe i Svandalen, ved Sauda Skisenter. Skulen har og ein eigen golfsimulator nede i kjellaren som du kan øve deg i.
Hovlandsnuten er ein topp som ligg 931 meter over havet, som kan nås til fots frå Saudasjøen. Kvart år vert motbakkeløpet Hovlandsnuten Opp arrangert – der kan du prøve deg i konkurranse mot andre, med ekstra tyngde på ryggen eller berre vere med i mosjonsklassen og få ein fin tur.
For deg som er glad i sport og idrett har skulen mellom anna Idrettsfag med Villmarksliv, Idrettsfag med park- og frikøyring og ToppVolley Norge å by på.