SkulemiljøSom elev i vidaregåande skule har du rett på eit godt skulemiljø.Skulen har både handlingsplan for psykisk helse og handlingsplan mot mobbing.Dine rettar er beskrive i kapittel 12 i opplæringslova. I tillegg har UDIR laga eit rundskriv om skulemiljø der dei utdjupar kva lova fører til.Hugs at elevrådet arbeider for å ivareta dine interesser på skulen. Du kan snakke med desse for å ta opp generelle forhold.Dersom du ikkje har det godt på skulen, er det viktig at du tek kontakt for å få utbetra problemet. I første omgang kan du snakke med din fag-/kontaktlærar. Om du ikkje ønsker å ta det opp med dei, kan du og snakke direkte med den aktuelle rådgivaren, PPT eller skulehelsetenesta. Ved meir alvorlege saker vil det vere aktuelt å og involvere avdelingsleiar eller rektor, men du bør snakke med rådgivar først. Sist endra 18.10.2024 09.28