Karaktersnitt og poenggrenser

Du kan finne både kva karaktersnitt/poenggrense du treng for å komme inn på dei forskjellige linjene, samt kva karaktersnitt elevane ved skulen oppnår.

Karaktersnitt/poenggrense for å komme inn på ei linje

Dersom du lurer på kva karaktersnitt/poenggrense du treng for å komme inn på dei forskjellige linjene til skulen, kan du sjå vilbli sin informasjon om inntaksgrenser og poengberekning.

Nederst på sida kan du finne ein seksjon med informasjon frå Rogaland, inkludert eit vedlegg med poenggrenser for fylket. Du kan laste ned vedlegget og søke opp Sauda vidaregåande skule for å sjå poenggrensene for ulike studieretningar ved skulen.

Karaktersnitt for eksamen/standpunkt

Dersom du lurer på kva karaktersnitt elevar ved Sauda vidaregåande oppnår for eksamen/standpunkt, kan du søke det opp i Utdanningsdirektoratet sin karakterstatistikk.