Nærmiljø

Skulen sine tre avdelingar finn du i Sauda og Suldal kommune. Skulen si hovudavdeling og avdelinga for transport finn du i Sauda, medan ToppVolley Norge held til i Suldal.

Sauda

Sauda er ein liten by som ligg inst i Saudafjorden, heilt nord i Rogaland. Det meste av butikkar og tenester ligg på dei flate områda nede ved fjorden. Buss og hurtigbåt stoppar på kaien, og det tar ca. 10 minutt å gå gjennom sentrum og opp til skulen.

Det er mange forskjellige aktivitetar å ta seg til på fritida i området. På sidene til Sauda ferie & Fritid og Portal Sauda finn du meir informasjon om området og moglegheiter der.

Sand i Suldal

Sand er kommunesentrum i Suldal kommune i Rogaland, og ligg ved Sandsfjorden. Buss og båt stoppar ved kaien, skulebygga ligg i gåavstand, litt lenger inn og opp, på Eide.

Det meste av butikkar og tenester er å finne nede ved fjorden, men ein del er og å finne på Garaneset, 1,7 km lenger opp. Du kan lese meir om området og kva du kan gjere der på Visitsuldal.no.

 

Eit kart i blå fargar som viser plassering av og kommunar i Rogaland fylke. - Klikk for stort bileteRogaland og kommunane som er ein del av den. Rogaland Fylkeskommune