Skulebygga

Sauda vidaregåande skule har tre bygg, to i Sauda og eitt på Sand. Det valde utdanningsprogrammet bestemmer kva bygg ein elev høyrer heime i.

 

Bilete av skulen si avdeling på Lofthus. Eit toetasjers murbygg med blå detaljar. Framfor det er ein sandvolleybane og grønne tre. I bakgrunnen ein fjelltopp og blå himmel. - Klikk for stort bileteAvdeling Lofthus

   

Lofthus

Lofthus er hovudavdelinga til skulen, og ligg i gåavstand frå Sauda sentrum i Griegs Gate 40.

Her finn du alle våre studietilbod, med unntak av ToppVolley Norge og transportfaga.

 

Bilete av skulen si avdeling på Birkeland. Eit hangarliknande mursteinsbygg med eit tilbygg i brunt tre. Framfor er ein grøn plen, og ein raud bil står parkert til høgre for bygget. - Klikk for stort bileteAvdeling Birkeland

   

Avdeling Birkeland

Avdelinga finn du på Indre Birkeland i Sauda kommune, ca. 10 minutts køyring frå Sauda sentrum, rett ved fylkesveg 520 i Birkelandsvegen 80.

Transportfaga – Vg2 Transport og logistikk og Yrkessjåfør – høyrer heime her. Ein del av bygget er garasje/verkstad for køyretøy, og plassen utanfor vert og nytta til parkering av avdelinga sine køyretøy.

 

Eit flyfoto av skulen sin avdeling på Sand. Ei rekke kvite og gule bygg framfor og til venstre for ein idrettsbane. Det vidare området er boligar omgitt av skog og fjord. - Klikk for stort bileteAvdeling Sand

  

Avdeling Sand

På Eide på Sand i Suldal kommune, ligg avdeling Sand i Rygjatunvegen 30.

På avdeling Sand finn du ToppVolley Norge.

Sjølve skulebygget er det store gule bygget til venstre i biletet. Dei kvite husa framfor det er internat og lærarbustadar.

Det kvite bygget til høgre framme i biletet er Suldalshallen, bygget til venstre (og kvitt) for den er Sandhallen som vert nytta av ToppVolley Norge.

På grusbanen til høgre for skulebygget og ovanfor friidrettsbanen finn du i dag Suldal Bad.