Elektro og datateknologiDette utdanningsprogrammet passer for deg som ønsker fagutdanning i eit av faga innafor elektro og datateknologi. Det kan vere for eksempel elektrikar, tavle-, signal eller heismontør, flymekanikar, automatikar eller kulde- og varmepumpemontør. Kvifor velje elektro og datateknologi? Du lærer installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system montering, kopling og programmering av elektriske og elektroniske system og anlegg reparasjon av elektrisk utstyr om utvikling av nye elektroniske produkt konfigurering og programmering av utstyr og komponentar tryggleik og dokumentasjon Du bør vere vere nøyaktig og systematisk ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag vere serviceinnstilt og ha ein logisk tenkjemåte vere kreativ og ha godt fargesyn Les meir om elektro og datateknologi på vilbli.no Kvifor velje Sauda vidaregåande skule? Skulen har store nye klasserom, praksislokale og mykje nytt utstyr. Det er stort fokus på praksis i undervisninga. På Vg2 tilbyr skulen programområdet Elenergi og ekom. Søke skuleplass Første året – Vg1 Utdanninga til dei fleste yrka tar normalt fire år. Du går dei to første åra på skule. Etterpå er det to år opplæring i bedrift som lærling. Du har og moglegheit til å ta Vg3 påbygg slik at du får studiekompetanse. Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har 12 timar i fellesfaga og 23 timar i programfaga. Fellesfag, elektro og datateknologi Vg1 Fag- og timefordeling, fellesfag elektro og datateknologi Vg1 Fag- og timefordeling, fellesfag elektro og datateknologi Vg1 Fellesfag Timar per veke Naturfag 2 Matematikk 3* Engelsk 5 Kroppsøving 2 Totalt 12 *Du vel enten 1P-Y (praktisk) eller 1T-Y (teoretisk) matematikk Programfag, elektro og datateknologi Vg1 Fag- og timefordeling, programfag elektro og datateknologi Vg1 Fag- og timefordeling, programfag elektro og datateknologi Vg1 Programfag Timar per veke Elektroniske kretser og nettverk 7 Energi og styresystemer 10 Yrkesfagleg fordjuping 6 Totalt 23 Du finn oversikt over kva for programfag du kan velje på vilbli-sida til skulen. Andre året – Vg2 Du fortset opplæring innan utdanningsprogrammet du valde på Vg1. På Vg2 vel du retning, og du kan velje mellom dei programområda som finst på utdanningsprogrammet du har valt. Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har ni timar i fellesfaga og 26 timar i programfaga. Fellesfag, elektro og datateknologi Vg2 Fag- og timefordeling, fellesfag elektro og datateknologi Vg2 Fag- og timefordeling, fellesfag elektro og datateknologi Vg2 Fellesfag Timar per veke Samfunnsfag 3 Norsk 4 Kroppsøving 2 Totalt 9 Programfag, elektro og datateknologi Vg2 Fag- og timefordeling, programfag Elenergi og ekom Vg2 Fag- og timefordeling, programfag Elenergi og ekom Vg2 Programfag Timar per veke Elektronisk kommunikasjon 5 Elenergi og styresystem 12 Yrkesfagleg fordjuping 9 Totalt 26 Du kan velje desse programfaga: Arbeidsmaskinar Automatisering Brønnteknikk Datateknologi og elektronikk Elenergi og ekom Flyfag Industriteknologi Kjøretøy Kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk Maritime fag Ur- og instrumentmakar Du finn og ei oversikt over kva for programfag du kan velje på vilbli-sida til skulen. Tredje året – Vg3 Du blir normalt lærling og forset opplæringa i ei godkjend lærebedrift. Læretida er to år, og når du er ferdig med læretida kan du ta fag- og svennebrev. Bli lærling Du har og moglegheit til å ta Vg3 påbygg for å få studiekompetanse. Dette kan du gjere etter at du har tatt fag- og svennebrev eller etter Vg2. Vegen vidare Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller svennebrev). Du kan gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning etter at du har fullført yrkesfagleg opplæring. Sist endra 05.01.2023 09.02