Helse- og oppvekstfag

Kan du tenke deg å arbeide som helsefagarbeidar, aktivitør, portør eller barne- og ungdomsarbeidar? Eller er det meir aktuelt for deg å jobbe som apotekteknikar, tannhelsesekretær eller hudpleiar? Då kan helse- og oppvekstfag gje deg mange moglegheiter.

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Du lærer

  • om helsefremjande arbeid
  • om fysisk og psykisk helse
  • om korleis kroppen er bygd opp
  • om kommunikasjon og samhandling
  • om utviklinga til barn og unge
  • om kost, ernæring og hygiene

Du bør vere

  • omsorgsfull og omsynsfull overfor menneske
  • flink til å kommunisere
  • god til å samhandle med andre

Les meir om helse- og oppvekstfag på vilbli.no

Kvifor velje Sauda vidaregåande skule?

Skulen framstår som velhalden og fin, med gode resultat på elevane si årlege trivselsundersøking frå Udir., samt høgast resultat i fylket for fullført og bestått utdanning.

Dei tilsette på helse og oppvekst er opptatt av å hjelpe deg som elev til å meistre utdanninga på Vg1 og Vg2, i tillegg til å skape triv

sel på skule- og fritid. På denne måten kan du som elev få ei god utdanning og minnerike år ved skulen.

I Vg1 og Vg2 er det praktisk retta fag (programfag) og praksis knytt til aktuelle utdanningsområde og skulen har god dialog med aktuelle praksisplassar. På denne måten kan du som elev tidleg få kunnskap og erfaringar knytt til arbeidslivet. Dei aller fleste elevane ved skulen får lærlingkontraktar etter Vg2. Som lærling får du som elev læra gjennom praksis i to år og få lønnsinntekt desse åra.

Sauda vidaregåande skule tilbyr desse fagområda innan Helse og oppvekst:

Meir informasjon om helse- og oppvekstfag

Søke skuleplass

Første året – Vg1

Utdanninga til dei fleste yrka tar normalt fire år. Dei to første åra går du på skule. Etterpå er det to år opplæring i bedrift som lærling. Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg slik at du får studiekompetanse.

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har 12 timar i fellesfaga og 23 timar i programfaga.


Andre året – Vg2

Du fortset opplæringa innan utdanningsprogrammet du valde på Vg1. På Vg2 vel du retning, og du kan velje mellom dei programområda som finst på utdanningsprogrammet du har valt. 

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har ni timar i fellesfaga og 26 timar i programfaga.


Tredje året – Vg3

Du blir normalt lærling og forset opplæringa i ei godkjend lærebedrift. Læretida er to år, og når du er ferdig med læretida kan ta fag- og svennebrev.

Bli lærling

Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg for å få studiekompetanse. Dette kan du gjere etter at du har tatt fag- og svennebrev eller etter Vg2.

Vegen vidare

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller svennebrev). Du kan gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning etter at du har fullført yrkesfagleg opplæring.