Gjennom utdanninga di på Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag i Sauda får du kunnskap og erfaring, slik at du kan bli den beste vaksne for barn og unge.
Skuledagane inneheld variasjon mellom teoretiske- og praktiske oppgåver. Du vil få opplæring i og prøve ut pedagogiske aktivitetar som kan nyttast i barnehage og skule.
Du får praksis både i barnehage og barneskule, for å prøve ut ulike aldersgrupper og finne kva som passar best som arbeidsplass for deg i framtida. Me har godt samarbeid med praksisplassar i kommunane Sauda og Suldal. Dei aller fleste som ønsker det får og tilbod om å verte lærling.
Generell studiekompetanse kan du få ved påbygg etter Vg2 eller læretid, for å gå vidare på høgare utdanningar som mellom anna barnehagelærar og lærar. Ei fagutdanning innan barne- og ungdomsarbeidarfaget gir eit godt grunnlag for høgare utdanning med fagfelt innan barn og unge.
Gjer ein stor forskjell! Bli barne- og ungdomsarbeidar!
Elevar lagar dokketeater av Bukkene Bruse
Anne Solbakken
Meir informasjon om barne- og ungdomsarbeidarfag