Du må ha gjennomført norsk grunnskule eller tilsvarande frå heimlandet ditt for å starte i innføringsklasse.
Kvifor velje innføringsklasse?
Du får
- undervisning i faga norsk, matematikk, engelsk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving
- 30 timar med undervisning i veka
- låne datamaskin av skulen
Du må ha
- vitnemål frå norsk grunnskule eller grunnopplæring i utlandet i minst ni år
- gyldig opphaldstillatelse i Norge
- adresse i Rogaland (registrert i Folkeregisteret)
Korleis søke om plass?
Du søker om plass via eit nettskjema.
Søknadsfrista er 1. februar, men dersom det er ledig plass går det og an å søke og starte i løpet av skuleåret.
Søk innføringsklassen
Du kan få meir informasjon og hjelp til å søke ved å ta kontakt med avdelingsleiar Kristin Bruknapp.
Dokumentasjon
Dersom du ikkje har lagt ved all dokumentasjon i søknaden, må du sende det inn etterpå – søknaden din vil ikkje verte behandla før du har gjort det.
Me hjelper deg med å sende inn den nødvendige dokumentasjonen.
Då du søkte om plass skal du ha fått ein epost frå søkarportalen. Bruk referansenummeret du fekk i denne når du sender inn dokumentasjonen.
Hugs at du må få dokumenta stempla med «rett kopi» før du sender dei.
Kor lenge kan du gå i innføringsklasse?
Du har rett til særskilt norskopplæring til du har nådd eit nivå som gjer at du kan følgje opplæringa i ordinære klassar. Dette står i Opplæringslova § 3-12.
Du kan gå i innføringsklasse i inntil to år.
Fire gonger i året er det kunnskapstestar. Når du er på nivå B1 (etter den europeiske språkstandarden) kan du søke om plass på eitt av utdanningstilboda i vidaregåande opplæring. Du kan og få tilbod om å hospitere på det utdanningsprogrammet du ønsker.
Kven får tilbod om innføringsklasse?
Tilbodet er for deg som har rett til utdanning i videregåande skule, og som har ein plan om å gjennomføre vidaregåande opplæring etter at du er ferdig med norskopplæringa.
Elevar som ikkje skal ta vidaregåande skule må ta kontakt med vaksenopplæringssentreret i kommunen der dei bur. Bur du i Sauda vil det vere Sauda Vaksenopplæring, men bur du i Suldal vil det vere Introsenteret i Suldal.