Arbeidstrening – Spesialundervisning i lita gruppe

Opplæringstilbodet arbeidstrening er eit tilbod for elevar med spesielle behov knytta til læring og sosiale ferdigheiter, og som har behov for tilrettelegging utover det som vert tilbydd i vanlege klassar. 

Opplæringa er definert som spesialundervisning (jfr. Opplæringslova § 5-1), avvik frå vanleg opplæring i alle fag og gir ikkje grunnlag for vurdering med karakter. I staden får du sluttkompetanse med kompetansebevis som dokumentasjon på opplæringa du har gjennomgått.

Målgruppe

Opplæringa passar for deg som har

  • mål om tilrettelagt arbeid etter du er ferdig på skulen
  • store generelle lærevanskar eller psykisk utviklingshemming
  • oppfølgingsbehov både i og utanom skuletida
  • behov for tilrettelegging for både fagleg og sosial utvikling

Skulen tek og inn elevar med behov for omfattande tilrettelegging («Hverdagslivstrening»).

Målet med opplæringa

Opplæringa tar utgangspunkt i dine behov og interesser, og skal legge grunnlaget for at du skal verte mest mogleg sjølvhjulpen heime, i bustad, arbeid og fritid.

Tanken er at opplæringa skal

  • gi deg kompetanse som vil kunne gi deg meiningsfylt arbeid
  • hjelpe deg å utvikle positive haldningar og sosiale ferdigheiter
  • la deg oppleve meistring
  • gi deg arbeidstrening på og utanfor skulen

Målet til skulen er at du går over i arbeid når du er ferdig med vidaregåande opplæring.

Organisering

Tilbodet er organisert i grupper med redusert elevtal og går føre seg i tilrettelagde undervisningslokale, med høg vaksentettleik. Dei vaksne du møter her er lærarar, miljøarbeidarar og vernepleiarar.

I opplæringa vert det lagt vekt på kommunikasjon, dagleglivets aktivitetar, grunnleggande - og sosiale ferdigheiter – det du treng for å meistre jobb og ha eit godt sosialt liv.

Opplæringa tar utgangspunkt i kompetansemåla knytte til det utdanningsprogram du går på.

Der det er naturleg og relevant vil mykje av opplæringa i fellesfaga verte praktisk knytt til opplæringa i programfaga. Som ein del av dei ulike programfaga får du og arbeida med produktutvikling til elevbedrifta «Godt gjort».

Skulen gjennomfører individuelle vurderingar og utarbeider læringsmål tilpassa nettopp deg. Du får og ein individuell opplæringsplan (IOP), som bygger på sakkunnig vurdering frå PPT og enkeltvedtak om spesialundervisning. I tillegg får du kartlegging og utprøving av ulike arbeidsoppgåver og arbeidsplassar.

Innhald

Opplæringa vil vere litt ulik avhengig av om du tar yrkesfag eller studiespesialisering, men det er og ein del felles.

Ein viktig forskjell mellom dei to er at du har 891 årstimar dersom du tar yrkesfag, men 842 årstimar dersom du tar studiespesialisering.