Yrkessjåfør

Har du lyst å køyre buss eller lastebil? Yrkessjåførar arbeider med mange ulike typar transport. Nokre fraktar gods, andre fraktar personar; nokre køyrer langt, andre har arbeidsdagen i nærområdet. Moglegheitene for variasjon er mange.

Kvifor velje yrkessjåfør?

Du får

  • undervisning om EU-direktivet
  • praktisk og teoretisk undervisning i førarkortklassane C, CE, D og DE
  • truckførarbevis
  • undervisning om transport av farleg gods (ADR)

Du må ha

  • førarkort klasse B
  • godkjend helseattest (for førarkort klasse C, CE og D)
  • vitnemål/kompetansebevis frå Vg1 teknologi- og industrifag (eller tilsvarande)
  • ein alder av minst 21 år for å ta lastebilsertifikat, minst 24 år for å ta sertifikat for buss. Lærlingar kan ta dei når dei er 18. Sjå Førarkort- og Yrkessjåførforskrifta

Kvifor velje Sauda vidaregåande skule?

Sauda vidaregåande skule har 19-vekers yrkessjåføropplæring for lærlingar og lærekandidatar i yrkessjåførfaget, som startar august og januar kvart år. Skulen har normalt kapasitet til å ta inn 30 elevar per kull.

Inntakskrav finn under menypunktet «Du må ha» ovanfor, samt på sida om å søke skuleplass. Dette er ei landslinje, så elevar frå heile landet er velkomne til å søke hjå oss!

All undervisning er gratis, køyretimane og. Du betaler kun prøvegebyr til Statens Vegvesen, samt bøkene du nyttar i teoriundervisninga. Kurset er og godkjent for støtte i Statens lånekasse.

Yrkessjåfør held til på vår avdeling Birkeland, der og Vg2 Transport og logistikk held til. På Facebooksidene til avdeling Birkeland kan du få eit innblikk i korleis det er å gå linja.

Søke skuleplass