Maskinførarkurs vår 2025

For å føre ein anleggsmaskin i Noreg krevst gyldig kompetansebevis. Maskinførarkurset gir sertifisert sikkerheitsopplæring gjennom ein felles teoridel og ein praktisk del tilpassa maskintypen.

Praktisk informasjon

Praktisk info maskinførarkurs vår 2025
Emne Infomasjon
Dato teori Ons. 21. - lør. 24. mai 2025
Dato praksis Lør. 24. mai 2025
Tidspunkt 8:00 - 15:30
Stad teori Sauda vgs, lofthus
Stad praksis Kommer snart
Bevertning Kaffe/te og lunsj ons-fre. Ta med nister på lørdag.
Instruktør Sapio
Pris 9500 NOK

Kurset vert halde ved minimum 12 deltakarar. 

Merk at avmelding seinare enn to virkedagar før kursstart vert fakturert fullt.

Målgruppe

  • Alle som skal føre ein anleggsmaskin i Norge
  • Dei som er over 17 år
  • Dei som har gjennomført modul 1.1 Arbeidsmiljø ansvar og konsekvenser (første teoridelen av truckførarkurset)

NB! Dei som ikkje har modul 1.1., må gjennomføre modulen med ein annan leverandør eller med Sapio online (600 NOK) før maskinførarkurset. Hugs at du har ansvar for dette sjølv. 

Kursinnhald

Den sertifiserte sikkerheitsopplæringa består av:

  • Modul 2.1 masseforflytningsmaskinar (24 timar)
  • Modul 3.1 praktisk bruk på den enkelte maskintype (8 timar)
    • Opplæringa omfattar maskinklassane tre klasser fra M2 – M6 + M20

Kurset tek og for seg følgande emne:

  • Innleiing og informasjon
  • Maskintypar og bruksområde
  • Konstruksjon og verkemåte
  • Sikkerheit og ulykker
  • Geoteknikk og stabilitet

 

NB: Dette kurset inneheld ikkje modul 4.1, 32 timar praktisk opplæring. Denne opplæringa kan gjennomførast i bedrift, eventuelt gjennom ein fadderavtale (600 NOK).

Viktik!

Kurset blir gjennomført med minst 12 påmeldte deltakarar! Kurset blir avlyst dersom det ikkje er nok påmeldte.

Avmelding seinare enn 2 virkedagar blir fakturert fullt! Det betyr at om du ikkje kan delta etter to virkedagar frå påmelding, må du betale for kurset.

Spørsmål og påmelding

Frist for påmelding er 13. mai 2025.

Påmelding

 

Send epost til Sabine Otto-Rød sabine.otto-rod@skole.rogfk.no eller ring 48099032 for meir informasjon.

 

(Illustrasjonsbilete: Shane McLendon på Unsplash)