Vidaregåande opplæring for vaksne i Sauda/SuldalLære heile livet!Me skreddarsyr ut frå ditt behov. Jan Nordtveit Ta kontakt for å få rettleiing om kva som passar for deg, og hjelp til å søke om du ønsker det.Meld behovDu kan og kontakte Janne Eikevik på janne.eikevik@skole.rogfk.no eller 971 51 982.Gratis tilbodHeiltid/deltidDag/kveldNett- og samlingsbasert Studiekompetanse – Nett- og samlingsbasert Kvalifisere deg til høgare utdanning? Ta påbygg- og studiekompetansefaga norsk, matematikk, naturfag og historie nett- og samlingsbasert i Ryfylke. Oppstart august 2023. Få meir informasjon og meld deg på Fag og utdanningar – vidaregåande opplæring for vaksne Våre tilbodDei ordinære studietilboda til skulen vil vere tilgjengelege for vaksne.I tillegg har me eigne tilbod spesielt organisert for vaksne:Generell studiekompetanseMatematikk 1P og 2PNorskEngelskSamfunnskunnskapHistorieNaturfagPåbygg – generell studiekompetanseMatematikk 2P-YNorskHistorieNaturfagProgramfagHelsefagarbeidarBarne- og ungdomsarbeidarBetongfagarbeidarFellesfag – yrkesfagMatematikk 1P-YNorskEngelskSamfunnskunnskapNaturfag Betongfaget – modulstrukturert fag- og yrkesopplæring (MFY) Betongarbeid Scott Blake (Unsplash) Er du over 19 år og ønsker fagbrev innan betongfaget?Sauda vgs vil i lag med lokale bedrifter og opplæringskontor tilby modulstrukturert opplæring i betongfaget frå hausten 2024.Du fårIndividuell opplæringsplanBedrift som hovudarena for opplæringTett oppfølging frå skule og bedriftOpplæring etter eigen modulstrukturert læreplan.Opplæringa gir og rettigheiter i Lånekassen. Ved oppstart vil du verte realkompetansevurdert. Dette for å kartlegge kompetansen din innan betongfaget slik at du får opplæring i akkurat det du treng for å bli ein god betongfagarbeidar.Hovuddelen av opplæringa vil vere i bedrift. Du må derfor tidleg teikne ei lærekontrakt. For å få læreplass må du til intervju hjå bedrifta. Ingen har rett til læreplass, så det er opp til bedrifta om den ønsker å ta deg inn som lærling. SamarbeidspartarRogaland fylkeskommune ved Sauda vidaregåande skuleBG Suldal ASBrødrene Selvik ASAS Forskaling Aartun transport ASRytopp (opplæringskontor)NAVSøkeNoko for deg? Ta kontakt med Janne eller Kristin – sjå kontaktinformasjonen nedst på sida.(Illustrasjonsbilete: Scott Blake på Unsplash) Timeplanar Din personlege timeplanDin personlege timeplan finn du i Visma InSchool (VIS) når du startar på skulen.Logg inn i Visma InSchoolFor å logge deg inn nyttar du FEIDE-brukaren som du oppretta ved å følge SMS-instruksjonane du fekk ved skulestart.Tidspunkt og fag i eigne klassar Yrkesfaglege fellesfag 2024/2025 Yrkesfaglege fellesfag 2024/2025 Fag Tidspunkt Vekedag Stad Startdato Sluttdato Norsk Dagtid Ikkje klar ennå Sauda vgs, Lofthus 21.08.2024 20.06.2025 Yrkesfaglege programfag 2024/2025 Yrkesfaglege programfag 2024/2025 Fag Tidspunkt Vekedag Stad Startdato Sluttdato Barne- og ungdomsarbeidarfag Dagtid Ikkje klar ennå Sauda vgs, Lofthus 21.08.2024 20.06.2025 Betongfaget MFY* Ikkje klar ennå Ikkje klar ennå Ikkje klar ennå/bedrift Individuelt Individuelt Helsefagarbeidar MFY* Dagtid Ikkje klar ennå Sauda vgs, Lofthus/bedrift 09.09.2024 Individuelt Yrkesfagleg fordjupning Dagtid Ikkje klar ennå Sauda vgs, Lofthus 21.08.2024 20.06.2025 [* MFY står for Modulstrukturert fag- og yrkesopplæring] Fag til påbygg og generell studiekompetanse 2024/2025 Fag til påbygg og generell studiekompetanse 2024/2025 Fag Tidspunkt Vekedag Stad Startdato Sluttdato Norsk Dag/Kveld Ikkje klar ennå Samlings-/nettbasert August Juni Historie Dag/Kveld Ikkje klar ennå Samlings-/nettbasert August April Naturfag Dag/Kveld Ikkje klar ennå Samlings-/nettbasert August Februar Matematikk Dag/Kveld Ikkje klar ennå Samlings-/nettbasert August Juni Eksamensførebuande kurs/privatistar Me arrangerer kurs for praksiskandidatar/privatistar som skal ta Vg3-eksamen. Du må ha bestått denne for å kunne melde deg opp til fagprøve.Dersom det vert få deltakarar set me opp timar med individuell rettleiing i staden. Eksamensførebuande kurs 2024/2025 Eksamensførebuande kurs 2024/2025 Fag Tidspunkt Vekedag Stad Startdato Sluttdato Automatiseringsfaget Kveld Ikkje klar ennå Sauda vgs Oktober/november Mai Logistikkfaget 18:30–20:30 Måndagar Nett September og januar November og mai Salgsfaget Ikkje klar ennå Ikkje klar ennå Sauda vgs September November Yrkessjåførfaget 18:30–20:30 Måndagar Nett September og januar November og mai PåmeldingMeir informasjon og påmeldingDu kan og ta kontakt med Kristin Bruknapp (951 24 899 / kristin.bruknapp@skole.rogfk.no) eller Janne Eikevik (971 51 982 / janne.eikevik@skole.rogfk.no). Nettskulen Hugs at det og er mogleg å ta fag over nettet via Nettskolen Rogaland. Privatisteksamen Privatisteksamen vert halde to gonger i året. Du er sjølv ansvarleg for å melde deg opp til eksamen. Oppmeldingsfrist vår: 15. januar til og med 1. februar. Oppmeldingsfrist haust: 1. september til og med 15. september. Meld deg opp til eksamen Fylket har meir informasjon om å ta eksamen som privatist. Restplassar Dersom det er ledige plassar før oppstart, kan du søke om restplass sjølv om du ikkje har rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Plassane vert lagde ut i byrjinga av august og desember. Du finn meir informasjon, ei oversikt over restplassar og søknadsskjema på sidene om restplassar. PC og brukarkonto Datamaskin og programvare Hugs at du er nøydd til å ha ei datamaskin. Dersom du ikkje har ei, kan du få kjøpt ei rabattert maskin gjennom fylket si PC-ordning. Programvara du treng får du av skulen/fylket, inkludert Microsoft Office, så lenge du er elev. For meir informasjon om og hjelp med datamaskiner og programvare, sjå sidene til IT. Eksamen for vaksenopplæring Som deltakar ved vidaregåande opplæring for vaksne får du standpunktkarakter. Nokre skal i tillegg opp til eksamen. Sjå sidene om eksamen for vaksenopplæring for meir informasjon. Vitnemål og kompetansebevis Du får vitnemål eller kompetansebevis når du har fullført opplæringa di. Les meir her om vitnemål og kompetansebevis. Bestill vitnemål og kompetansebevis Fritak og tilrettelegging Søknad om fritak i sidemål I faget norsk for studiekompetanse er det i nokre tilfelle anledning til å søke om fritak i sidemål. Søknad med dokumentasjon skal sendast i VIS. Yrkesfagleg norsk har ikkje sidemål. Søknad om tilrettelegging på eksamen Søknad med dokumentasjon skal sendast i VIS. Søknad utan dokumentasjon vert ikkje behandla. Klage på karakter Du kan klage på eksamenskarakterar og standpunktkarakterar. Du kan og klage på at du ikkje har fått karakter i eit fag (IV). Klagefrista er ti dagar frå karakteren er publisert i VIS, eller frå den dagen du har motteke grunngjevinga. Klage på karakter Lånekassen Vaksne som tar vidaregåande opplæring kan få stipend og lån. Les meir her om å søke til Lånekassen.Treng du hjelp med Lånekassen?Ta kontakt med administrasjonen på skulen:telefon: 51 92 28 00e-post: sauda-vgs@skole.rogfk.noIkkje send sensitiv informasjon som e-post. Søke om plassSøk om vidaregåande opplæringEtter at du har søkt vil du få tildelt ein rettleiar som kan hjelpe deg med å finne ut kva fag du treng og å melde deg på fag.Kontakt Jan Nordtveit Janne Eikevikjanne.eikevik@skole.rogfk.no971 51 982 Jan Nordtveit Kristin Bruknappkristin.bruknapp@skole.rogfk.no951 24 899 Sist endra 13.08.2024 08.52