Generell studiekompetanse gir deg moglegheit for opptak til dei fleste studiar ved universitet og høgskular. Det er fleire vegar mot studiekompetanse og behovet til kvar enkelt vil variere både i fag og omfang.
For at faga skal kunne kombinerast med jobb og familieliv er dei nett- og samlingsbaserte. Skulane legg opp til undervisning på nett kvar veke, og i tillegg vert det totalt sju fysiske samlingar i løpet av skuleåret. Eventuelle eksamenar kjem i tillegg.
Skuleåret 2024/2025 kan du ta desse studiekompetansefaga: norsk, matematikk, naturfag og historie. Dei same faga kan du og ta skuleåret 2025/2026 – du kan melde deg opp alt nå.
Informasjon
Undervisninga vert gitt som nettundervisning kvar veke via Microsoft Teams, med moglegheit for å sjå opptak i etterkant dersom tidspunktet ikkje passar. Det vert forventa at du jobbar med fagstoff mellom undervisningsøktene, og innleveringar vil og vere ein del av vurderingsgrunnlaget.
I tillegg vert det halde tre–fire fysiske samlingar per semester – totalt sju per skuleår. Samlingane vert halde ved Strand vgs (Tau) og Sauda vgs (Sand og/eller Sauda). Då vert undervisninga gitt i klasserom over ein heil dag, kombinert med oppgåveløysing og vurderingssituasjonar.
Merk at det er OBLIGATORISK oppmøte på alle samlingar.
Tala i tabellen under er antal skuletimar (på 45 minutt) per veke.
Merk at det kan komme endringar på kursplanen.
Tala i tabellen under er antal skuletimar (på 45 minutt) per veke.
Fag mot generell studiekompetanse (GENS)
Påbyggsfag
Ta 4. påbyggsfaga
– for dei som har tatt Vg1 og Vg2 i et yrkesfaglig utdanningsprogram + lærling i bedrift (eller vg3 i skule)
- Historie (140 timar)
- Matematikk 2P-Y (140 timar)
- Naturfag (84 timar)
- Norsk (281 timar)
Ta studiekompetansefaga og få generell studiekompetanse etter 23/5-regelen
Les meir om denne ordninga på samordna opptak sine sider.
Studiekompetansefaga:
- Norsk (393 timar)
- Engelsk (140 timar)
- Samfunnsfag (84 timar)
- Historie (140 timar)
- Matematikk (224 timar)
- Naturfag (140 timar)
Metode
- Førelesningar
- Oppgåveløysing
- Gruppearbeid
- Presentasjonar
- Innleveringar
- Prøvar
Tidspunkt for undervisninga
- Matematikk – Teamssamling måndagar kl. 19:00–21:00
- Historie – Teamssamling tysdagar kl. 10:15–11:50
- Naturfag – Teamssamling onsdagar kl. 20:00–21:30
- Norsk – Teamssamling torsdagar kl. 15:00–17:00
Dei fysiske samlingane vert lagt til dagtid same dag som teamssamlingane, sjå studieplanen for aktuelle uker.
Påmelding
Søk digitalt via www.vigo.no, velg «Videregående opplæring for voksne/Realkompetanse» og logg inn med MinID.
Etter at du har søkt vil du få tildelt ein rettleiar som finn ut kva fag du treng, og melder deg på dei faga du ønsker.
Dersom du allereie har fått innvilga vaksenrett, eller vil søke om resplass, ta kontakt direkte med oss.
Kontakt
Ta gjerne kontakt om du vil ha meir informasjon eller er usikker på kva du treng for å få generell studiekompetanse.