Eksamensførebuande kurs i automatiseringsfaget

Skulen si avdeling for vidaregåande opplæring for vaksne tilbyr eit eksamensførebuande kurs i automatiseringsfaget, med oppstart i oktober 2024.

Målgruppe

Kurset er for deg som er elektrikar og ønsker eit fagbrev nummer to som automatikar.

Kurset vil dekke læreplanmåla innan automatiseringssystem og mekanisk arbeid, og har som mål å førebu deg på praksiskandidateksamen.

Kursinnhald

  • Automatiserte anlegg
  • Måleteknikk (måling av turtal, trykk, temperatur, nivå og strømning) 
  • Pådragsorgan og reguleringsteknikk 
  • Elektriske installasjonar og elektriske motorar 
  • Installasjonar i eksplosjonsfarlege område og EMC 
  • Mekanisk arbeid og vedlikehald 
  • HMS og førstehjelp og produksjonsprosessar 
  • Pneumatikk og Hydraulikk 
  • Programmerbare system (PLS)

Læreplan

  • Vg2 automatisering, AUT02-03
  • Vg3 automatiseringsfaget, AUT03-04

Eksamen

  • AUT2102 (Vg2 skriftleg) – fredag 23. mai 2025
  • AUT3103 (Vg3 skriftleg) – tysdag 20. mai 2025

Undervisning

  • Praktiske øvingar
  •  Gjennomgang av teori
  • Oppgåveløysing
  • Førebuing til eksamen

Praktisk informasjon

Kurset i seg sjølv er gratis, men du må betale ei avgift for å gå opp til eksamen. Du får låne det læremateriellet du treng, men du må stille med di eiga datamaskin.

Praktisk info automatiseringskurs
Emne Informasjon
Dato Oppstart 16. oktober 2024, siste eksamen 23. mai 2025
Tidspunkt Onsdagar, 17:30–20:00
Stad Sauda vgs avd. Lofthus: Rom 151
Instruktør Runar Mørk, Eirik Aasheim, Håvard Lien Austerheim
Pris Eksamensavgift på kr 2600,-

Spørsmål og påmelding

Frist for påmelding er 15. oktober 2024.

Send epost til eller ring Kristin Bruknapp på Kristin.bruknapp@skole.rogfk.no eller 951 24 899 for påmelding og meir informasjon.

(Illustrasjonsbilete: Homa AppliancesUnsplash)