(Fullt) Eksamensførebuande kurs i reinhaldsoperatørfagetSkulen si avdeling for vidaregåande opplæring for vaksne tilbyr eit eksamensførebuande kurs i reinhaldsoperatørfaget, med oppstart i mars 2025. Publisert 11.02.2025 11.19 Sist endra 14.03.2025 14.59 Det er ingen ledige plassar igjen på kurset.MålÅ gi deg eit godt teoretisk grunnlag for å bestå den skriftlege eksamenen i reinhaldsoperatørfaget. Etter endt kurs skal du vere kjend med emne som ligg til grunn i læreplanen, samt ha god trening i å besvare eksamensoppgåver.MålgruppePersonar med praksis innan reinhaldarfaget som ønsker å formalisera sin kompetanse ved å ta eit fagbrev i reinhaldsoperatørfaget. Kurset er og for reinhaldarar som ønsker eit omfattande kurs som tar for seg eit variert spekter av yrket sine mange arbeidsoppgåver og utfordringar.HovudelementReinhaldsplanleggingReinhaldHelse, miljø og sikkerhet (HMS)LærebokRenhold grunnmoduler, Else Liv HagesætherRenhold fagbrevmoduler, Else Liv HagesætherLæreplanVg3 renholdsoperatørfaget, ROF03 01EksamenROF3103 (Vg3 skriftleg) – november 2025UndervisningGjennomgang av teoriErfaringsdelingOppgåveløysingFørebuing til eksamenPraktisk informasjonKurset i seg sjølv er gratis, men du må betale ca. kr 1300,- for å gå opp til eksamen (kan verte refundert dersom du ikkje har vidaregåande utdanning frå før) Praktisk info reinhaldsoperatørkurs Emne Informasjon Dato Oppstart onsdag 26. mars 2025 Tidspunkt Onsdagar, 18:00–20:30 (kurset føl skuleruta) Stad Sauda vgs avd. Lofthus: Rom 158 Instruktør Eva Susann Øvrebø, 971 21 780, eva.susann.ovrebo@skole.rogfk.no Pris Eksamensavgift på ca. kr 1300,- PåmeldingMed deg på kursetFrist for påmelding er 17. mars 2025.