VIS vil verte tilgjengeleg for elevar og føresette ved skulestart.
Målet med VIS er å legge til rette for å møte skulen sine framtidige behov ved å
- fornye, forenkle og forbetre arbeidsdagen til elevar, lærarar og skuleadministrasjonen
- legge til rette for kommunikasjon mellom skulen og heimen
- digitalisere skuleadministrasjon – gi meir elektronisk, automatisert og effektiv arbeidsflyt
- gi oversikt over at elevane har fått den opplæringa dei har krav på
VIS vart innført i Akershus i 2019 og vert teke i bruk i Viken, Rogaland og Innlandet i løpet av 2020. Systemet skal etter kvart verte innført i alle fylkeskommunar i landet, samt Oslo kommune.
Tilgang for elevar
Ved skulestart får nye elevar ein SMS med informasjon om å aktivere sin brukar. Denne brukaren gir tilgang til ulike IKT-skuleressursar, inkludert VIS. Vg2- og Vg3-elevar nyttar same brukarkonto som dei i si tid fekk oppretta. Elevane nyttar Feide for å logge seg på.
Pålogging til VIS
(Pass på å bruke Google Chrome når du loggar deg på VIS)
Instruksjonsvideo for elevar
Tilgang for føresette
Føresette til elevar under 18 år vil få tilgang til kontaktopplysningar, fråvær, læreplanar og timeplan i VIS. Det vil komme informasjon når det vert mogleg å logge seg på.
Føresette må nytte ID-porten for å logge seg på VIS.
Les om behandling av personopplysningar i personvernerklæringa.
Visma InSchool (VIS) VIS i Rogaland
(Illustrasjonsbilete: Damir Kopezhanov på Unsplash)