Ungdata-undersøkinga

I veke 11–13 skal vg1- og vg2-klassane ved skulen gjennomføre Ungdata-undersøkinga.

Undersøkinga er frivillig for elevane på desse trinna, men me håpar sjølvsagt at flest mogleg ønsker å delta.

Føremålet med undersøkinga er å gi ungdommane ei moglegheit til å fortelje lokale styresmakter om korleis det er å vekse opp i kommunen i dag. På denne måten kan kommunen få kunnskap dei kan bruke i arbeidet med å betre oppvekstsituasjonen.

Det er og viktig informasjon for skulen i arbeidet med eit trygt og godt skulemiljø.

Foreldre/føresette skal ha fått informasjon om undersøkinga via skulen sine meldingskanalar.

Dersom du har spørsmål kan du kontakte koordinator for undersøkinga, sosialrådgivar Lena Haugland på telefon 99 64 73 18.