Spennande utdanningsprogramSkulen har fleire spennande utdanningsprogram som er litt utanom det vanlege. Publisert 19.11.2019 10.44 Sist endra 02.12.2020 09.55 Dersom du ønsker ein spennande og variert arbeidsdag der du får høve til å hjelpe dine medmenneske og verkeleg gjere ein forskjell, kan du etter å ha tatt Vg1 på Helse- og oppvekstfag gå Vg2 Ambulansefag. Er du glad i freeski eller snowboard, kan du kombinere di interesse med skulegang og ta faget Idrettsfag med Park og frikøyring (PFL). Likar du å vere ute i naturen kan faget Idrettsfag med Villmarksliv vere noko for deg. Tek du Yrkes- og studiekompetanse (YSK) får du både fagbrev og spesiell utdanningskompetanse. Du får og ei utdanning som vekslar mellom dagar på skulebenken og dagar ute i ei lærebedrift. Er volleyball noko av det kjekkaste du gjer, og du vurderer å prøve deg som idrettsutøvar, kan du gå ToppVolley Norge. Tek du Vg2 Transport og logistikk kan du etterpå gå vidare på yrkessjåfør. Yrkessjåfør er faget for deg dersom du trivst på vegen, og kunne tenke deg å ha arbeidsdagen din der.